Ambassadører > Ivar Løvik

Hvem er Ivar?

Eg vaks opp i Sogndal og bur der enno. Rimeleg heimekjær kan du sei! Men her har eg alt eg treng av skiterreng, sykkelstiar og fjellturar nesten rett utanfor døra heime. Har bikka 32 år no og skileik til fjells har alltid vore ein viktig del av livet. I dag er det like kjekt å vere med ungane mine og oppleve skiglede i lag med dei.

Hva ser du på som ditt hjemmeanlegg/fjell?

I løpet av vinteren blir det mange turar i Sogndalsdalen og fjellet Togga er nok eit favorittfjell på mange måtar. Det fine med Togga er dei veldig mange og varierte nedkøyringane ein kan få gjennom vinteren. Alt frå fin skogkøyring til renner, flankar og ryggar lengre opp og innover Togga-ryggen. 

Hvilke skiopplevelse minnes du best fra forrige sesong? 

Fekk stått på ski ned austflanken av Frudalshesten forrige sesong. Det var stas! Har sikla på den fjellsida i mange år. God snø var det jaggu og! 

Hvilke skiområde drømmer du deg tilbake til? 

Har hatt nokre Alpeturar opp i gjennom åra, men ingen slår ein tur til Austerrike i januar 2019. Det snøa hundar og kattar kvar dag og det rauk vel nokre snørekordar der til slutt, meinar eg å hugse. Såg ikkje sola på to veker, men me klagde ikkje. Slik ordentleg Togga-føre altso! Austerrike er att på til eit veldig kult og triveleg ski-land. 

 

Hva ser du frem til med sesongen som er i vente? 

I lag med at tidsklemma har stramma seg inn dei siste åra, prøver eg å vere forsiktig optimist på kva eg skal rekke gjennom på ein vinter. Har jo fortsatt ei slik hit-list på ting eg kunne tenkt meg å få gjort, men hovudmålet er å ha det kult på ski i lag med andre. Men kanskje det blir ein utlandstur etter gamalt? 

Hva betyr det å være ambassadør for SGN for deg? 

Eg har vel vore med nesten frå starten av, meinar eg. Hugsar eg fekk vere med å teste dei første prototypane på Togga på Stryn Sommarskisenter tilbake i 2012 (trur eg). Hausten etter spurde Tore og Torgeir om eg kunne tenke meg å stå på SGN. Det var jo stas, hugsar eg, og det er jo stas enno å få vera med å bidra med det eg kan. I tillegg er det veldig kjekke og dedikerte folk både på teamet og dei som jobbar med SGN til dagen. 

Hvilke ski står du mest på?

Om hjarte fekk velja ein modell, ville det utan tvil ha vore Togga. Heilt rå ski på mjuk snø og særleg av den djupe sorten! Hovudet ville nok valt Soleitind, og til turar blir nok denne skia brukt mest av alle. Funkar til alt av føre og gir ein lett og stabil plattform på veg opp og ned fjellsidene. Togga har eg i 194 cm med nokre snedne G3 Zed bindingar.  Soleitind brukar eg i 192 cm med G3 Ion.



Følg Ivar her: