Ambassadører > Malin Naalsund Gaupseth

Kven er du med ski på beina? 

I bunn vil eg seie eg er ein frikøyrar, og er veldig glad i å ta skia til fjellet. Eg har vore så heldig å ha tilgang til fantastiske skifjell og skifolk i nærområdet der eg kjem frå, og er derfor som mange andre bitt av toppturbasillen. Likevel blei skignisten først tent i anlegget. Her tilbringer eg gjerne mykje tid, både i og utanfor løypene, nokon gonger også i parken.

 

Kven er du uten ski på beina?  

Eg er Malin, 22 år og kjem frå Batnfjordsøra, ei lita bygd på Nordmøre. Eg er veldig opptatt av idrett og friluftsliv og brukar difor mykje av fritida mi på det. Eg er også svært glad i å være kreativ og forme ting med henda. For tida er eg student i Trondheim, noko eg trivst godt med.

 

Kva ser du på som ditt heimeanlegg og kva gjer det spesielt for deg? 

Fursetfjellet skianlegg i Gjemnes kommune vil alltid forbli mitt heimeanlegg. Gjennom oppveksten har eg brukt utallige timar her - ein liten bakke på knappe 200 meter. Anlegget er dreve på dugnad av ivrige foreldre med fokus på lavterskel skileik, noko som har skapt ein enorm skiglede hos mange, tross dei begrensa fasilitetane. Takk til ildsjelane som har gjort dette mogleg!

 

Eg må også legge til at Oppdal skisenter har vore viktig for meg! Etter ungdomsskulen flytta eg til Oppdal for å gå skilinja der. I løpet av desse åra fekk eg moglegheita til å bruke mykje tid i dette anlegget, her kjenner eg meg heime. No som eg er student i Trondheim, blir heimeanlegget Vassfjellet, og eg må seie at det har overraska meg positivt!

 

Kva er ditt beste skiminne? 

Eg og ei venninne hadde tatt oss eit såkalla "friår" og hadde moglegheita til å kome oss ut på ski når det passa oss. Ein januardag ga dette full uttelling - det hadde dumpa tett ned i fleire dagar og denne vekedagen var det meldt opphald og sol. Vi valde oss favorittoppen og brøyta veg oppover. Latteren satt lett og vi hadde fjellet for oss sjølve. Vi tok lunsjen i sollyset på toppen med utsikt over vårt kjære Nordmøre og Romsdalen, etterfulgt av ei lang nedkjøring i djup puddersnø. Ein perfekt dag!

 

Kva skiområder drøymer du deg tilbake til?

Eg besøkte for første gong Hurrungane i vår, brattkjøringa og landskapet der ga meirsmak og det blir heilt klart fleire turar dit denne sesongen! Fjorårets sesong avslutta også med mange dagar i Åre i april. Slush, full sol, eksamensperiode og ein god gjeng gjorde det enkelt å ta kjøreturen hit frå Trondheim dag etter dag, tross stive priser. Drømmer meg tilbake til disse vårskidagane!

 

Kva betyr det å vere ambassadør for SGN for deg?

Eg synes det er veldig stas å få vere ein liten del av SGN! Artig å kunne køyre på Norske ski av slik kvalitet. Eg sett likevel kanskje mest pris på dei kjekke folka bak SGN og på teamet!

 

Kva ski brukar du mest?

Eg køyrer heilt klart mest ski på Rakkar! Det er desse skia eg brukar i anlegget. Eg likar svært godt kor allsidige dei er, om eg skulle hatt eit par ski til alt, hadde det vore desse.  Dei er solide, men samtidig svært leikne.